Oryza | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Grasordenen Poales |
Familie: | Grasfamilien Poaceae |
Underfamilie: | Oryzoideae |
Stamme: | Oryzeae |
Slekt: | Oryza L., 1753 |
Oryza er ei planteslekt i grasfamilien.[1][2] Ho omfattar fleire tropiske artar, der særleg asiatisk ris (Oryza sativa) er ein viktig matplante som blir dyrka kommersielt.[3] Også afrikansk ris (Oryza glaberrima) blir brukt som matplante.
Plantar i slekta veks i våte område. Dei blir til høge gras på 1–2 meter. Plantane kan vera eittårige eller fleirårige.[4]
Det er usemje om korleis slekta skal delast inn, og ulike kjelder har ulike artstal og underindelingar. Over 3000 namn er føreslått tilhøyrande slekta, medan andre oversyn berre nemner 25 artar. Lista under byggjer på Kew Garden si World Checklist.[5]
mange artar er no plasserte i andre slekter: Echinochloa, Leersia, Maltebrunia, Potamophila, Prosphytochloa, Rhynchoryza ,