Oristano | ||
---|---|---|
![]() | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land Region Provins |
![]() Sardinia Oristano | |
Borgarmeister | Antonio Barberio | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
84,63 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2005) - folketettleik |
32 781 368.30/km² | |
Koordinatar | 39°54′N 8°35′E / 39.900°N 8.583°E | |
Høgd over havet | 9 m | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 9170 | |
Telefon-retningsnummer | 0783 | |
Nettstad: www.comune.oristano.it |
Oristano (sardisk Aristanis) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Oristano i regionen Sardinia og har om lag 30 000 innbyggjarar.
Hovudnæringa er fiske.
Oristano vart under Austromarriket kalla Aristianis, men vart grunnlagd av fønikarane som byen Othoca (i dag Santa Giusta). Han vart viktig i 1070, då erkebiskop Torcotorio flytta bispesetet frå Tharros til byen, truleg som følgje av åtak frå sarasenarar. Byen vart òg nemnd som hovudstad i giudicato (tilsvarande hertug- eller kongedøme) av Arborea, og det vart bygd fleire festningsverk i byen.
I mellomalderen var Oristano ofte i krig med andre sardiske kongedømet, som enda med eit forsøk på å erobre heile øya under Mariano IV (regjerte 1347-75) og dottera hans Leonara (1375-1404). Giudicato av Arborea var det siste av dei sardiske kongedøma som vart erobra av katalanske troppar i Kongedømet Aragon då Macomer fall i 1478. Etter dette har Oristano følgt historia til Sardinia under spanjolane (fram til 1708) og Piemonte (frå 1720), og vart så ein del av Italia.