Plakat for Orphée aux enfers av Jacques Offenbach. Operette (frå italiensk operetta , 'liten opera' eller 'lite verk') er eit musikalsk lystspel med song , tale og ofte også dans .
På forma minnar operettar om opera , men dei er musikalsk og tematisk lettare og meir tilgjengelege for publikum. Hovudmotivet i ein operette er ikkje sjeldan ei sentimental kjærleikssoge, gjerne med komisk og parodisk tilsnitt.
Operette som eigen musikkteater-sjanger oppstod i Paris på 1850-talet. Få år seinare blei det oppført tyskspråklege operetter i Wien . Operettane blei ein populær sjanger, der særleg wieneroperetten med ei rekke kjende songar slo an. Operettesjangeren kan reknast som ein forløpar til moderne musikalar og musikkspel.
Publikum ved Théâtre des Bouffes-Parisiens, årestaden til Jacques Offenbach sine operettar (1860) Plakat til Gilbert and Sullivan -operetten H. M. S. Pinafore . Teaterplakat for Johann Strauss den yngre -operetten Der Zigeunerbaron frå 1885 som blei sett opp som La tzigane , «ein komisk opera i tre akter», i Paris i 1895. Frå ei framføring av Giuditta av Franz Lehár under den tradisjonsrike austerrikske operettefestivalen Seefestspielen Mörbisch i 2006. Operettenhaus i Hamburg i Tyskland er i dag eit moderne musikalteater . Plakaten reklamerer for ABBA -musikalen Mamma mia! i 2005.Av operettesuksessar kan nemnast Flaggermusen (Die Fledermaus ) av Johann Strauss d.y. frå 1874 med tekst av Carl Haffner og Richard Genée, Den glade enke (Die lustige Witwe ) av Franz Lehár frå 1905 til tekst av Victor Léon og Leo Stein, og Candide av Leonard Bernstein frå 1956 med songtekstar av John Latouche, Dorothy Parker og Richard Wilbur (over ein libretto av Lillian Hellman).
Lista under viser kjende komponister og nokre av operettane deira. Personane er ordna kronologisk etter fødselsår.
Jacques Offenbach (1819–1880), Frankrike: 1858: Orfevs i underverdenen
1864: Den skjønne Helene
1866: Pariserliv
1866: Ridder Blåskjegg
1867: Storhertuginnen av Gérolstein
1869: Frihetsbrødrene
1880: Operaen Hoffmanns eventyr Franz von Suppé (1819–1895), Austerrike: 1865: Die schöne Galathee
1866: Leichte Kavallerie
1876: Fatinitza
1879: Boccaccio 1874: Flaggermusen (Die Fledermaus )
1883: Eine Nacht in Venedig
1885: Sigøynerbaronen (Der Zigeunerbaron ) Hervé (1825–1892), Frankrike: 1869. Le petit Faust
1883: Mam'zelle Nitouche Karl Millöcker (1842–1899), Austerrike: 1881: Die Jungfrau von Belleville
1882: Tiggerstudenten (Der Bettelstudent )
1884: Gasparone Gilbert & Sullivan (Arthur Sullivan (1842–1900), Storbritannia, med librettisten W. S. Gilbert (1836–1911):1875: Trial by Jury
1878: H. M. S. Pinafore
1879: The Pirates of Penzance
1882: Iolanthe
1882: The Mikado
1889: The Gondoliers Carl Zeller (1842–1898), Austerrike: 1876: Joconde
1878 Die Fornarina
1880 Capitän Nicoll, oder Die Carbonari
1886 Der Vagabund
1891 Der Vogelhändler
1894 Der Obersteiger Paul Lincke (1866–1946), Tyskland: 1899: Frau Luna
1911: Grigri
1940: Ein Liebestraum Franz Lehár (1870–1948), Austerrike: 1905: Den glade enke (Die lustige Witwe )
1909: Greven av Luxemburg (Der Graf von Luxemburg )
1910: Sigøynerblod (Zigeunerliebe )
1925: Paganini
1927: Der Zarewitsch
1928: Friederike
1929: Smilets land (Das Land des Lächelns ) Oscar Straus (1870–1954), Austerrike: 1907: Ein Walzertraum
1908. Der tapfere Soldat
1920: Der letzte Walzer Leo Fall (1873–1925), Austerrike: 1907: Dollarprinsessen (Die Dollarprinzessin )
1915: Keiserinnen (Die Kaiserin )
1916: Die Rose von Stambul
1923: Madame Pompadour Rudolf Friml (1879–1972) tsjekkisk-amerikansk: 1912: The Firefly
1924: Rose Marie Emmerich Kálmán (1882–1953), Ungarn: 1908: Høstmanøver (Tatárjáras )
1915: Czardasfyrstinnen (Die Csárdásfürstin )'
1921: Bajaderen (Die Bajadere )
1924: Grevinne Maritza (Gräfin Maritza )
1926: Sirkusprinsessen (Die Zirkusprinzessin )
1930: Fiolen fra Montmartre (Das Veilchen von Montmartre ) Ralph Benatzky (1884–1957), Austerrike: 1930: Sommer i Tyrol (Im weissen Rössl )
1930: Min søster og jeg (Meine Schwester und ich )
1936: Axel i den syvende himmel (Axel an der Himmelstür ) 1928: Teaterbåten (Show Boat ), regnes av mange som den første moderne musikal Sigmund Romberg (1887–1951), ungarsk-amerikansk: 1924: Studentprinsen
1926: Ørkensangen
1928: Nymånen 1930: Viktoria und ihr Husar
1931: Die Blume von Hawai
1932: Ball im Savoy Nico Dostal (1895–1981), Austerrike: 1933: Clivia
1939: Die ungarische Hochzeit Fred Raymond (1900–1954), Austerrike: 1937: Maske in Blau
1938: Saison in Salzburg
1941: Die Perle von Tokay Ludwig Schmidseder (1904–1971), Tyskland: 1938: Melodie der Nacht
1940: Frauen im Metropol
1949: Abschiedswalzer Igo Hofstetter (1926–2002), Austerrike: 1964: Roulette der Herzen
1968: Alles spricht von Charpillon
1976: Schach dem Boss