Olav T. Beito
Fødd30. mars 1901
Øystre Slidre kommune
Død28. september 1989
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkelingvist
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Olav Toreson Beito (30. mars 190128. september 1989) var ein norsk professor og språkforskar.

Olav T. Beito vart fødd i Øystre Slidre med foreldra Marit Engebretsdotter og Tore Andersson Beito.[1] I 1923 tok han eksamen artium ved Voss offentlege landsgymnas. Han vart cand.philol. i 1932 og dr.philos. i 1942 på avhandlinga R-bøygning. Etterrøknader i norsk formlære.

Beito arbeidde i Norsk Ordbok i 1943–45 og 1953–57. Han vart dosent i nordisk ved Universitetet i Oslo i 1957 og professor i nordisk målvitskap 1959–71. Samtidig var han styrar for Norsk målførearkiv. Avhandlinga Genusskifte i nynorsk var eit pionerverk innanfor arbeidet med genus i norsk, også i seinare grammatikalske verk kjem Beito attende til dette temaet. Beitos Nynorsk grammatikk : Lyd og ordlære som kom i 1970, var den mest omfattande grammatikken etter Ivar Aasens Norsk Grammatik.

Beito var medlem av Norsk språknemnd 1957–72 og av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1951.

Olav T. Beito døydde i Oslo.

Bibliografi:

[endre | endre wikiteksten]

(Utdrag)

Kjelder:

[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar

[endre | endre wikiteksten]