Olav Sande | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. juni 1850 Kyrkjebø i Høyanger |
Død |
23.august 1927 (77 år) |
Yrke | Skulemann, folkemusikk- og folkeminnesamlar, komponist og forfattar |
Tema | Samla folketonar og folkeminne |
Politisk parti | Venstre |
Sjanger | Forteljingar, lærebok i bibelkunnspap |
Debut | Fraa Sogn : segner og annat. I, 1887 |
Olav Øysteinson Sande (28. juni 1850–23. august 1927) var ein skulemann, folkemusikk- og folkeminnesamlar og komponist frå Kyrkjebø, i dag Høyanger i Sogn.
Sande tok lærareksamen i 1871 og var lærar i Leikanger i Sogn frå 1873. I åra framover var han ein leiande i det frilynde ungdomarbeidet i Sogn. Han tok til å samle folkeminne og gav ut to samlingar med segner frå Sogn, 1887 og 1892. I 1895 gav han ut Bibelsoga fyr folkeskulen. Han skreiv også dikt og forteljingar.
Fram om alt var Sande ein folketonesamlar, som fekk statsstipend frå 1899. Mellom 1904 og 1911 kom firebandsverket Norske tonar. Elles let han etter seg 2 500 nummer som no er å finne på Universitetsbiblioteket i Oslo. Sande tonesette fleire nynorske dikt, mest kjende er Det stig av hav eit alveland og Aa eg veit meg eit land.
Sande døydde i Bergen.