Olaug Nilssen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. desember 1977 (46 år)
Førde
Yrke skribent
Periode 1998-

Olaug Nilssen (fødd 28. desember 1977)[1] er ein norsk forfattar. Ho debuterte i 1998 med romanen Innestengt i udyr, og arbeider som bokmeldar og forfattar av skjønnlitteratur og sakprosa.

Nilssen voks opp i Solheimsdalen i Førde kommune og busette seg seinare i Bergen[2], der ho mellom anna studerte litteraturvitskap. Ho har vore aktiv i tidsskriftet Vagant, og var, saman med Gunnhild Øyehaug, redaktør for det no nedlagde litterære tidsskriftet Kraftsentrum.[3] Ho var leiar for Skrivekunstakademiet i Hordaland frå 2008 til 2010.[2][3]

Olaug Nilssen er blitt kåra til ein av dei ti viktigaste unge forfattarane i Noreg. Forfattarskapen hennar er allsidig og prega av humor.

Nilssen var festspeldiktar på Dei Nynorske Festspela i 2006.[4][5]

Få meg på, for faen vart filmatisert i 2011.[5]

Tung tids tale er dramatisert av Riksteatret i samarbeid med Det Norske Teatret og Kilden Teater og Konserthus.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Bøker

[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval

[endre | endre wikiteksten]

Omsetjingar

[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. ««Olaug Nilssen (28.12.1977)»». forfatterkatalogen.no (Norsk forfattersentrum). 
  2. 2,0 2,1 ««Olaug Nilssen»». Nettstaden til Det Norske Samlaget. Henta 8. mai 2017. 
  3. 3,0 3,1 ««Olaug Nilssen»». Store Norske Leksikon. Henta 21. august 2013. 
  4. ««Dei Nynorske Festspela 2006»». ballade.no. 21. juni 2006. Henta 21. august 2013. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Svein Olav B. Langåker (19. august 2011). «– Filmen flink til å drepa darlingsane mine». framtida.no. Henta 20. august 2013. 
  6. ««Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond»». Nettstaden til Bærum bibliotek. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 20. august 2013. 
  7. Hjørdis Ånestad Tiltnes (18. august 2004). ««Rogaland dominerer Samlaget si liste»». aftenbladet.no. Henta 20. august 2013. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]