Nydalens Skiklub er eit idrettslag som har sitt opphav i bydelen Nordre Aker i Oslo. Idrettslaget vart stifta 16. mars 1886 med skiidrett som fremste mål. Sidan 1990-åra har orientering-sporten dominert aktiviteten i Nydalen SK.

Nydalen SK deltok frå 1920 til ut i 1950-åra på mellomnivå i norsk fotball, også friidrett og handball stod ei tid på lagsprogrammet. Skiidretten stod sterkt til 1960-åra. Etter den tid utmerkte laget seg meir og meir i orienteringsløypa. Dei siste tiåra har Nydalens SK knytta til seg ei rad av landets fremste orienteringsløparar.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]