Norsk Folkeminnesamling (NFS) er eit nasjonalarkiv for folkeminne skipa ved Universitetet i Kristiania i 1914. Kjerna i arkivet er samlinga etter Moltke Moe, Jørgen Moe, Peter Christen Asbjørnsen, Magnus Brostrup Landstad og Sophus Bugge.[1]
Dei opphavlege delane av samlinga er ein del av Noregs dokumentarv.[2]