Nigel Hitchcock

På scenen med Mark Knopfler i Dresden i Tyskland, 4. juli 2013
Fødd4. januar 1971 (53 år)
FødestadRustington i England
OpphavStorbritannia
Aktiv1982 til i dag
SjangerJazz, pop
Instrumentsaksofon, klarinett
Verka somSaksofonist

Nigel Hitchcock (fødd 4. januar 1971) er ein engelsk jazz-saksofonist.

Biografi

[endre | endre wikiteksten]

Hitchcock byrja å spele altsaksofon då han var åtte år gammal. I 1982 vart han og den eldre broren Clive med i National Youth Jazz Orchestra. Etter eitt år var han første-altsaksofonist i gruppa for dei neste fem åra. I denne tida turnerte orkesteret med musikarar som Vic Damone, Buddy Greco og Al Martino.

16 år gammal flytta Hitchcock til London og byrja ein karriere som studiomusikar og spelte inn TV-jinglar, filmmusikk og popsoloar.

I 1989 vart han med i saksofonkvartetten Itchy Fingers. Bandet turnerte i Europa og Søraust-Asia i 18 månader.

Hitchcock har spelt med mange artistar som Tom Jones, Wet Wet Wet, Beverley Craven, Ray Charles, Robbie Williams og Mark Knopfler og han har gjeve ut soloalbumet Snake Ranch Sessions.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Pop

[endre | endre wikiteksten]

Jazz

[endre | endre wikiteksten]

Andre

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]