Nattergal | |
Nattergal | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Nær truga[1] | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Eupasseres |
Familie: | Flugesnapparfamilien Muscicapidae |
Slekt: | Luscinia |
Art: | Nattergal L. luscinia |
Vitskapleg namn | |
Luscinia luscinia |
Nattergal (Luscinia luscinia) er ein fugl i flugesnapparfamilien.[2]
Nattergal hekkar i Noreg spreitt og fåtalig i dei sørlegaste delane av landet frå Vest-Agder til Østfold og Akershus, og dessutan i sørlege delar av Buskerud, Oppland og Hedmark.[2]
Nattergalen finn ein først og fremst i tett lauvskog med rik undervegetasjon i nærleiken av kulturmark eller våtmarker. Føda består hovudsakleg av invertebrater. Arten overvintrar i austlege delar av Afrika.[1]