Nationalmuseum i Stockholm | |||
| |||
Stad | Stockholms kommun, Stockholm | ||
---|---|---|---|
Skipa | 28. juni 1792 | ||
Nationalmuseum i Stockholm 59°19′43″N 18°04′40″E / 59.328611111111°N 18.077777777778°E |
Nationalmuseum er eit svensk statleg sentralmuseum i Stockholm, og det største kunstmuseet i Sverige. Det har samlingar av måleri, skulptur og kunst på papir frå kring 1500-talet til 1900-talet, og dessutan kunsthandverk- og designgjenstandar frå 1500-talet til notida. Totalt omfattar samlinga rundt 700 000 gjenstandar. Museet ligg på Blasieholmen i Stockholm, i ein bygning som vart teikna for føremålet av den tyske arkitekten Friedrich August Stüler. Bygningen stod ferdig i 1866, men historia til museet går heilt attende til 28. juni 1792 då Konglig Museum vart oppretta. Museet er dermed eit av dei eldste kunstmusea i Europa.[1]