Myrhauk | |
Myrhaukhann | |
Myrhaukhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av myrhauk | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Haukefamilien Accipitridae |
Slekt: | Kjerrhaukar Circus |
Art: | Myrhauk C. cyaneus |
Vitskapleg namn | |
Circus cyaneus |
Myrhauk, eller blå kjerrhauk (Circus cyaneus)) er ein rovfugl som lever på fjellviddene mot Sverige frå Trøndelag og nordover til Finnmark om sommaren. Om vinteren flyg dei til det midtre og sørlege Europa, men nokre eksemplar overvintrar på Jæren og i det sørlege Sverige og Danmark.
Sidan år 2010 har myrhauk vore ført opp i kategorien sterkt truga (EN) på norsk raudliste for artar.[1]
Fuglen har ein storleik på 43-51 cm (litt større enn ei kråke. Vengespennet er mellom 105 og 125 cm. Lik som mange andre haukar er myrhauk-hoa større enn hannen; hoa veg 400-700 gram og hannen veg 300-400 gram. Hannen er lys blågrå med svarte vengespissar. Hoa er, på same måte som ungfuglane, brungrå. Begge kjønna har kvit overgump. Undersida er lysare, og hofuglar og ungfuglar har brune strekar