Franz Ferdinand

Aktiv2002–
SjangerIndierock, postpunk
PlateselskapDomino Records

Franz Ferdinand er ei indierockgruppe frå Glasgow i Skottland, skipa i 2001. Ho slo gjennom i 2004 med singelen «Take Me Out».

Namn

[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Franz Ferdinand» blei inspirert av ein tur til veddeløpsbana der ein av dei tevlande hestane heitte «The Archduke» (‘erkehertugen’).[1] Namnet på hesten fekk gruppa til å byrja snakka om erkehertug Franz Ferdinand, og dei tykte det var eit bra bandenamn fordi det lét godt og på grunn av at drapet på Franz Ferdinand endra verda.

Historie

[endre | endre wikiteksten]

I 2001 leita Alexander Kapranos etter medlemmar til eit nytt band. Han hadde tidlegare spelt i blant anna dei lokale gruppene The Karelia og Yummy Fur. Robert Hardy frå Bradford var student ved kunstskulen i Glasgow, og blei kjent med Alex på ein kafé han ofte gjekk på. Etter at ein ven gav Alexander ein bassgitar med beskjed om å gjera noko nyttig med han, lærte han Robert å spela bassgitar. Saman starta dei ei gruppe der Alexander spela gitar og song og Robert spelte bassgitar. Men bandet mangla trommeslagar og andre bandmedlemmar. Alexander møtte Nicholas McCarthy, som var ein klassisk pianist og kontrabassist, på ein fest og rekrutterte han til å spela trommer i bandet, sjølv om Nicholas mangla erfaring med instrumentet. Nicholas prøvde likevel å spela trommer i starten, men til slutt rekrutterte bandet Paul Thomson som trommeslagar. Paul hadde spelt med Alexander i The Yummy Fur tidlegare. I staden byrja Nicholas å spela gitar og klaver i bandet. Målet med bandet var å lage musikk som «jenter kunne dansa til.» Etter ei stund spreidde rykta om bandet seg, og under ein konsert kom det folk frå rundt 40 platesleskap. Eit av dei var Domino Records, som gav bandet albumkontrakt.

Det fyrste albumet til gruppa, Franz Ferdinand, blei spelt inn i Malmö og produsert av Tore Johansson. Albumet vann blant anna Mercury Music Prize som beste britiske musikkalbum i 2004. I oktober 2005 gav gruppa ut det andre albumet sitt, You Could Have It So Much Better. I januar 2009 gav grupp ut det tredje albumet sitt, Tonight: Franz Ferdinand. I 2013 gav bandet ut det fjerde albumet sitt, Right Thoughts, Right Words, Right Action.

Bandmedlemmar

[endre | endre wikiteksten]
Novarande medlemmar
Tidlegare medlemmar
Galleri

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Album

[endre | endre wikiteksten]

Singlar

[endre | endre wikiteksten]

DVD-ar

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]