Musikkfestival er ein festival som i hovudsak er vigd musikk.
Musikkfestivalar er ofte konsentrerte om eitt tema eller éin musikktype eller sjanger. Dei legg ofte vekt på konsertar og kan omfatta tevlingar, men kan også vera vigd musikkutdanning på alle slags nivå.[1]
Musikk har utvilsamt vore knytt til høgtidar og samkome frå gamalt av. Frå antikken finst det døme på at musikarar kom saman og tevla om prisar i dei pythiske leikane,[2] som byrja på 500-talet f.Kr. I nyare tid oppstod musikkfestivalar i England på 1700-talet, då ein utvida konsertlivet i byane til ei sesongmessig kulturell hending strukturert kring ein konsertplan.[3] Frå 1950-talet har Sanremofestivalen blitt halden i Italia som ei tevling som også blei sendt på fjernsyn, slik at han både er den lengstlevande musikkfestivalen i dag[4] og eit av dei eldste fjernsynsprogramma.[5] Woodstockfestivalen i 1969 var ein av dei største musikkfestivalane, med over 460 000 tilskodarar, og er blitt ein kjend festival i rockehistoria.[6][7][8][9] Musikkfestivalar har utvikla seg til ei næring som kan ha stor tyding for lokal økonomi, til dømes tente Coachella Valley Music and Arts Festival inn 115 millionar dollar i 2017.[10]
Pop/rock[endre | endre wikiteksten]
Jazz/blues[endre | endre wikiteksten] |
Køntri/roots[endre | endre wikiteksten]
Klassisk[endre | endre wikiteksten]
|