Mike Hugg | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 11. august 1942 (81 år) Gosport |
Yrke | musikar, låtskrivar |
Språk | engelsk |
Mike Hugg på Commons |
Michael John «Mike» Hugg (fødd 11. august 1942) er ein engelsk musikar (trommer, vibrafon, vokal, klaverinstrument, låtskrivar) som vart kjend som opphavleg medlem av 60-talsbandet Manfred Mann.[1]
Hugg var fødd i Gosport i Hampshire i 1942. Foreldra hans gjekk med på at han spelte jazztrommer, så lenge han fortsette å ta pianotimar. Han ønskte ein karriere innan jazz og møtte Manfred Mann medan han arbeidde som musikar i Butlin's Clacton, og dei danna eit sju mann stort band i lag. The Mann-Hugg Blues Brothers henta inn Paul Jones og seinare Tom McGuinness.[2] Då dei fekk kontrakt med HMV Records endra produsenten deira, John Burgess, namnet deira til Manfred Mann.
Hugg er ein kompetent pianist og vibrafonspelar, men hovudrolla hans i Manfred Mann var som trommeslagar. Han spelte derimot inn fleiree vibrafonsoloar med bandet (t.d. på «I'm your Kingpin») og brukte instrumentet på hittar som «Oh No Not My Baby». Han var medlåtskrivar på fleire av dei tidlege hittane til bandet og medverka med solokomposisjonar så lenge bandet eksisterte, mellom anna jazzaktige instrumentalar («Bare Hugg») og vemodig syrepop («Funniest Gig», «Harry the One Man Band»). Han vart ein stadig meir stødig låtskrivar gjennom karrieren til gruppa,[3] men Hugg vart stadig meir misnøgd med den kommersielle sida til bandet og skildra singelen «Ha! Ha! Said the Clown» i eit intervju med Melody Maker som ein av dei fem verste songane han nokon gong hadde høyrt.
Han og broren komponerte «Mister, You're a Better Man Than I» som vart spelt inn av The Yardbirds i 1965. Hugg skreiv òg dei fleste songane for Paramount-filmenn Up the Junction som bandet spelte på.[4] På denne tida byrja Hugg å bruke stadig meir tid på filmmusikk. Etter å ha skrive for Up The Junction, skreiv han musikk for eit BBC-skodespel i Wednesday Play, og medverka med musikk til Jesús Franco-filmen Venus in Furs i 1969, i lag med Manfred Mann. Han skreiv kjenningsmelodien til BBC-komiserien Whatever Happened to the Likely Lads i 1972 og det same for filmutgåva frå 1976.
Då han og Manfred Mann skipa det meir progressive Manfred Mann Chapter Three, etter inspirasjon frå Doctor John og frijazz, flytta Hugg over til elektrisk piano og vokal. I følgje han sjølv var den einaste årsaka til at han vart vokalist fordi det ikkje var betre alternativ. Ein av melodiane til gruppa vart nytta i ein reklamefilm for sigarar. Hugg gav ut to soloalbum, og eit album med bandet Hug[5] in the 1970s.
I seinare år har han spelt klaverinstrument i The Manfreds, ei gjenforeint utgåve av 60-talsbandet (utan Manfred Mann), og i jazztrioen PBD.
Studioalbum | |
---|---|
EP-ar | Manfred Mann's Cock-a-Hoop · Groovin' with Manfred Mann · The One in the Middle · No Living Without Loving · Machines · Instrumental Asylum · As Was · Instrumental Assassination |
Samlealbum | Mann Made Hits · Soul of Mann · What A Mann · Chapter Two: The Best of the Fontana Years · Basic: Original Hits · The Best of Manfred Mann: The Definitive Collection · The Best of the EMI Years · Manfred Mann at Abbey Road, 1963-1966 · BBC Sessions · Very Best of Manfred Mann · The Story · Classic Masters · The Evolution of Manfred Mann · Complete Greatest Hits |
Britiske singlar | «Why Should We Not» · «Cock-a-Hoop» · «5-4-3-2-1» · «Hubble Bubble (Toil and Trouble)» · «Ha! Ha! Said the Clown» · «Do Wah Diddy Diddy» · «Sha La La» · «Come Tomorrow» · «Oh No, Not My Baby» · «If You Gotta Go, Go Now» · «Pretty Flamingo» · «You Gave Me Somebody to Love» · «Just Like a Woman» · «Semi-Detached Suburban Mr James» · «Ha! Ha! Said the Clown» · «Sweet Pea» · «So Long, Dad» · «Mighty Quinn» · «Theme from »Up The Junction" · «My Name Is Jack» · «Fox on the Run» · «Ragamuffin Man» |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Manfred Mann Chapter Three · Manfred Mann's Earth Band · The Manfreds |