Meron
מירון, ميرون
moshav
Grava til Shimon bar Yochai i Meron
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°59′0″N 35°26′0″E / 32.98333°N 35.43333°E / 32.98333; 35.43333
Folketal 985 (2019)[1]
Grunnlagd 1949
Kart
Meron i Israel
32°59′00″N 35°26′30″E / 32.983333333333°N 35.441666666667°E / 32.983333333333; 35.441666666667
Wikimedia Commons: Meron (Moshav)

Meron (מֵירוֹן) er ein moshav (andelslandsby) i fjellsida av Har Meron i Øvre Galilea nord i Israel nær Safed, og høyrer til Merom HaGalil regionale kommune. Meron er mest kjend for grava til rabbien Shimon bar Yochai, og er åstad for ein årleg minnefest kalla Lag Ba'omer.[2]

Meron vert generelt rekna for å vere den eldgamle kanaanittiske byen Merom eller Maroma. I følgje Avraham Negev vart Meron i tida kring Det andre tempelet, kalla Meron. Meron er nemnt i Bibelen som staden der Josva sigra over dei kanaanittiske kongane.[3] På 1100-talet vitja Benjamin de Tudela Meron og skildra ei grotte med graver, der ein trur leivningane av Hillel, Shammai, og «tjue av displane deira og andre rabbiar» låg gravlagde. Fram til minst 1931 bestod Meron av ein arabisk og ein jødisk del. Dei arabiske innbyggjrane i Meron vart drivne bort eller flykta under den israelsk-arabiske krigen i 1948. Den moderne landsbyen Meron vart grunnlagd i 1949 på staden til den gamle busetnaden av ortodokse soldatar som hadde kjempa i krigen.[2]

Historie

Meron er rekna som den antikken kanaanittiske byen Merom eller Maroma, men sidan ein ikkje har funne endelege arkeologiske bevis for dette, finst det andre stader litt lenger nord, som Marun as-Ras eller Jebel Marun, der den antikke Merom kan ha lege.[4][5] Merom er nemnt på 1000-talet i egyptiske kjelder, og i soga til Tiglath-pileser III om ekspedisjonen hans til Galilea i 733–732 fvt. (der han kalla staden Marum).[4][5]

Ein har gjort undersøkingar av områda under hus som vart grave ut i 1970-åra, og funna indikerte eldre strukturar med ei anna planløysing. Dei lågare nivåa er enno ikkje grave ut, men dei kan vere daterte til tidleg i bronsealderen.[6]

Under utgravingar i Meron har ei funne lekamar frå hellenistisk tid.[7] Josefus bygde festningsverk i Meron i det første hundreåret og kalla byen Mero eller Meroth. Negev skreiv at Meroth, ein annan gammal by, som låg lenger nord, kanskje var staden Marun as-Ras.[6]

Det står framleis eit tårn med ei høgd på 6 meter i Meron, bygd på 100-talet evt.[8] Mot slutten av 200-talet vart det reist ei synagoge i landsbyen. Denne vart kalla Meron synagoge og overlevde eit jordskjelv i 306 evt., men utgravingar syner at ho vart hardt skadd eller vart øydelagd av eit anna jordskjelv i 409 evt.[9][10] Det er funne myntar i Meron som mest truleg er frå Tyr, men mange av dei kjem òg frå Hippos.[11]

Tidleg på 1300-talet nemnte den arabiske geografen al-Dimashqi at Meron høyrte til Safad. Han skreiv at staden låg nær ei «velkjend grotte» der jødar og kanskje ikkje-jødar feira kvart år.[12]

Palestina vart ein del av Det osmanske riket i 1517 og i 1596 var Meron ein stor landsby med 715 innbyggjarar i Jira nahiya i Sanjak Safad. Innbyggjarane betalte skatt for geiter, bikubar og ei presse for anten druer eller oliven.[13]

Meron fekk mindre skadar i Galileajordskjelvet i 1837. Det vart sagt at under jordskjelvet vart veggane i gravene til rabbiane Eleazer og She-Maun flytta, men grotta kollapsa ikkje.[14]

Jødiske pilegrimar i Meron, kring 1920.

Fleire europeiske reisande vitja Meron på 1800-talet og skreiv om ein gammal landsby nær foten av fjellet, med ein bratt og gammal veg opp.[15]

Mot slutten av første verdskrigen vart ruinane av Meron synagoge overteke av «Fund for the Redemption of Historical Sites» (Qeren le-Geulat Meqomot Histori'im), eit jødisk samfunn leia av David Yellin.[16] Fram til minst 1931 hadde Meron både arabiske og jødiske innbyggjarar. I 1931 var det 259 arabarar og 31 jødar som budde i landsbyen.[13]

Dei arabiske innbyggjarane i Meron vart drivne bort eller flykta under den israelsk-arabiske krigen i 1948.[17]

Den 14. juli 2006 vart Katyusha-rakettar avfyrt frå Libanon mot Meron, og to personar, ein mann og barnebarnet, omkom, medan fire vart skadde.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://citypopulation.de/en/israel/northern/zefat/0607__meron/; Wikimedia-import-URL: https://he.wikipedia.org/w/index.php?oldid=29003355.
  2. 2,0 2,1 See below.
  3. Mordecai Schreiber, Alvin I. Schiff, Leon Klenicki. The Shengold Jewish Encyclopedia. p. 180
  4. 4,0 4,1 Aharoni and Rainey, 1979, p. 225.
  5. 5,0 5,1 Bromiley, 1995, p. 326.
  6. 6,0 6,1 Negev and Gibson, 2005, p. 332.
  7. Zangenberg et al., 2007, s. 155.
  8. Negev and Gibson, 2005, p. 330.
  9. Urman and Flesher, 1998, pp. 62–63.
  10. Safrai, 1998, s. 83.
  11. Stemberger and Tuschling, 2000, p. 123.
  12. al-Dimashqi quoted in Khalidi, 1992, p. 476.
  13. 13,0 13,1 Khalidi, 1992, p.477.
  14. Neman, 1971, cited in "The earthquake of 1 January 1837 in Southern Libanon and Northern Israel" by N. N. Ambraseys, in Annali di Geofisica, Aug. 1997, p.933,
  15. Robinson, 1856, p. 73.
  16. Fine, 2005, p. 23.
  17. Morris, 2004, p. xvi, village #56.