Menneskebasert etterretning eller menneskeleg etterretning (engelsk human intelligence, HUMINT) er ein etterretningsdisiplin som baserer seg på innsamling av informasjon ved personleg kontakt med menneske - i motsetnad til dei meir tekniske formene for etterretning, så som SIGINT, IMINT og MASINT.

NATO definerar HUMINT som «ein kategori etterretning som kjem frå informasjon innsamla frå personar».[1] Typiske HUMINT-aktivitetar er utspørjing og samtalar med personar som har tilgjenge til etterspurd informasjon.

Måten HUMINT-operasjonar vert gjort på, er diktert frå offentleg protokoll og kva slags kjelder personen har tilgjenge til. Dette treng ikkje vere løynlege kjelder, og mesteparten av HUMINT-aktiviteten går føre seg utan å involvere klandestin verksemd. Både kontraetterretning og HUMINT kan likevel inkludere klandestin HUMINT og operasjonsteknikkar som høyrer med slik verksemd, og her går grensa til spionasje.

HUMINT kan gjere seg nytte av ulike kjelder utanom spionverksemnd:

HUMINT i spionasje

[endre | endre wikiteksten]

Spionasje er innsamla informasjon av folk som anten har stor tillit hjå fienden sjølve, eller har kontakt med folk som nyt slik tillit. Prosessen med å rekruttere slike individer og vidare stød og forsyning til desse krev oftast agent.

Kjeldene for HUMINT kan vera mange. Brukte døme på dette er reisande turistar, forretningsfolk, flyktningar, rømde krigsfangar og folk som er lokalkjende i eit interessant område. Når det gjeld kontakt med eigne spionar eller avhopparar, er dette typiske klandestine operasjonar med ekstra tryggingstiltak.

Mellom kjende organisasjonar som syslar med HUMINT er CIA og Secret Intelligence Service.

KGB var i si tid òg engasjert i HUMINT og etablerte forkortinga MICE som hugseregel for standard framgangsmåte:


Sjå òg

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. AAP-6 (2004) - NATO Glossary of terms and definitions

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.