Megascops
Lundugle, Megascops asio, raudbrun morf Foto: Greg Hume
Lundugle, Megascops asio, raudbrun morf
Foto: Greg Hume
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Underfamilie: Striginae
Slekt: Megascops
Kaup, 1848

Megascops er ei biologisk slekt av små ugler som samlar 23 nolevande kjente artar. Dei er farga i ulike brunaktige fargetonar. Nokre er polymorfe, og finst i ein grå og ein raudbrun morf.

Slekta har utbreiing avgrensa til Amerika og desse uglene er nærskylde Otus-uglene i «den gamle verda». Megascops blei skilt ut frå Otus siste gongen etter år 2000. Ulikskapen i lætet er ein påfallande skilnad mellom Megascops og Otus.

Nemninga på engelsk for Megascops-ugler er 'Screech owls'.

Skilding

Lundugle, Megascops asio, grå morf
Foto: Greg Hume

Megascops-uglene er 16-25 centimeter i høgd, 45-61 cm i vengespenn og mange har godt synlege fjørtoppar som gjev øyrelignande utsjånad. Dei er farga i ulike brunaktige fargetonar, nokre gonger med ei lysare undersida og eller andlet, noko som bidreg til å kamuflere dei mot borken av tre. Nokre er polymorfe, og finst i ein grå og ein raudbrun morf. Megascops-uglene jaktar frå utkikkspostar i halvopne landskap. Dei føretrekker område som inneheld gamle hòle tre, der dei kan finne bytte som inkluderer insekt, reptil, små pattedyr som flaggermus og mus og andre småfuglar.

Megascops-uglene lever primært som einslege fuglar. Hannfuglen byggjer reiret i eit holrom, nokre gonger opphavleg laga av eit anna dyr. Under rugetida vil hannen mate hoa som rugar. Desse fuglane er monogame, begge foreldra tar omsut for avkommet.[treng kjelde]

Dei normale territoriale ropa er ikkje er typiske uglelæte, men ei trille som består av meir enn 4 raske, individuelle tonar per sekund. I tillegg til dette har dei ein slags song som brukast under kurtise, og i duett mellom medlemmer av eit par.[treng kjelde]

Artslista

Totemugle, Megascops kennicottii
Foto: Randy R. Magnuson

Megascops-ugler i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Kjelder

Referansar

  1. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.2 Henta 26. september 2021
  2. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Megascops