Mathias Bonsak Krogh | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. oktober 1754 Vadsø kommune |
Død |
2. september 1828 (73 år) |
Yrke | prest, politikar |
Språk | norsk |
Verv | Biskop i Nordlandene og Finmarken |
Periode | 1805–1828 |
Føregangar | Ingen |
Etterfylgjar | Peder Christian Hersleb Kjerschow |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Mathias Bonsak Krogh på Commons |
Mathias Bonsak Krogh (4. oktober 1754–2. september 1828) var ein norsk geistleg og stortingspolitikar.
Krogh var fødd i Vadsø. Han studerte i København, og tok teologisk embetseksamen i 1779. Han var sokneprest i Lenvik (ordinert i 1781), i Vågan (1788) og i Ørland (1798) før han vart utnemnd til den første biskopen for Nordlandene og Finmarken (Hålogaland bispedømme). Denne stillinga hadde han frå 1805 til han døydde i 1828. Som biskop budde Krogh på Belsvåg ved Alstahaug i Helgeland. Her døydde han, og er gravlagd ved Alstahaug kyrkje.
Krogh var også nordnorsk politikar, og sat på Stortinget 1815-1816. Der arbeidde han blant anna for å bryte bergenskjøpmennene sitt monopol i nordlandshandelen, ved at det vart gjeve kjøpstadsrettar til Hundholmen (1816), som seinare vart Bodø by.
Støtta på Krogh si grav er særeigen. Innskrifta, som han sjølv skal ha forfatta, lyder slik: