Maoriparakitt | |
Bilete frå Isaac Peacock Springs wildlife refuge, Christchurch Foto: Jon Sullivan
| |
Status | |
Status i verda: Kritisk truga | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Papegøyefuglar Psittaciformes |
Familie: | Papegøyefamilien Psittacidae |
Slekt: | Cyanoramphus |
Art: | Maoriparakitt C. malherbi |
Vitskapleg namn | |
Cyanoramphus malherbi Souancé, 1857
|
Maoriparakitt (Cyanoramphus malherbi) er ein liten papegøye, endemisk for New Zealand. På New Zealand er han allment kjent som 'Orange-fronted Parakeet', eit namn han deler med ein annan papegøyeart frå Mellom-Amerika. Arten er kritisk truga med 50-249 kjønnsmodne individ igjen i vill tilstand.[1]
I mange år blei maoriparakitt sett på som ein underart eller som fargevariant[2] av den meir vanlege arten gulkroneparakitt. Nyare forsking har vist at dette er ein gyldig sjølvstendig art.[3] Maoriparakitt lever i Nothofagus-skog på Sørøya på New Zealand, sjølv om dei kan ha hatt eit vidare spekter av habitat før tilkoma av menneske. Dei har vorte truga av hogst av opphavleg skog, som gav dei eldre tre som dei hekka i, ved overbeiting av dei låge buskane som dei fann føda i, og av predasjon av introduserte rotter, røyskattar og kattar.
Det vitkaplege artsnamnet heidrar den franske ornitologen Alfred Malherbe.