Magnor Glassverk er eit norsk glasverk skipa i 1896 under namnet Geijersfors Glassverk. Som namnet seier, ligg verket på Magnor, som er ein stad like ved grensa til Sverige i Eidskog kommune lengst sør i Innlandet fylke.
Glasverket var opphavleg ein filial av det svenske glasverket Eda glasbruk rett over på den andre sida av riksgrensa, og produserte glasvarer for Eda glasbruk fram til 1917.[1] Men medan verksemda på Eda glasbruk på den svenske sida av riksgrensa har vorte nedlagt for mange år sidan, er Magnor Glassverk framleis i drift og produserer servise, vasar og andre kunstgjenstandar i glas. Fleire kjente kunstnarar og formgjevarar har vore med på å utforme glasverket sin kolleksjon. Mellom dei mest kjente er Per Spook, Vebjørn Sand, Per Winge og Ari Behn.
Forutan å vere ein aktiv industri, er Magnor Glassverk ein turistattraksjon med rundt 220 000 besøkande kvart år. Glasverket byr på fabrikkutsal, utstillingar av produkt og ein har høve til å sjå korleis glaset blir forma i glashytta.
I 1997 kjøpte Magnor Glassverk det svenske glasverket Johansfors glasbruk i Småland og dreiv det som ei dotterverksemd. I 2008 vart Johansfors glasbruk delt i eit driftsføretak og eit produktsjonsføretak. Produksjonsføretaket vart etter kvart tatt over av dei tilsette med Magnor Glassverk som minoritetseigar.
Glasverk i Noreg | |
---|---|
Skipa på 1700-talet | |
Trøndelag | |
Vestlandet | |
Austlandet | |
Kunstnarglashytter | Nye Gjøvik (1994-2017) • Nye Åsnes • Nøstetangen Glass AS • PLUS i Gamle Fredrikstad (1958-1978) • Glasshytta i Gamle Fredrikstad • Glasshytta Vikten • Glasshytta Union • Glasshytta Kragerø (1991-2010) • Boble glasshytte • Kongsberg Glassblåseri (1996-2002) • Blåst • Glasshytta i Vivestad • Glasshytta Henningsvær • Glasshytten Varmt Glass (2005-2013) • Glasshytten på Verftet • Glasshytta på Berger (1982-2004) • Glasshytta Hegg (1989-1995) • Glasshytta på Frysja • Kongsfoss Glass • Glashytta i Setesdal (2000-2019) |