Madre de Dios
elv
Kart over Amazonas. Madre de Dios indikert med lilla farge.
Land  Peru,  Bolivia
Renn gjennom Puerto Maldonado, Riberalta
Sideelvar Manú, Inambari, Tambopata, Heath m.fl.
Lengd 1 150 km
Kjelde Austsida av Cordillera de Garabaya, Andes, Peru
 •  høgd 6 000 moh.
Munning Elva Beni i Bolivia
Kart
Madre de Dios
12°17′00″S 70°52′00″W / 12.283333333333°S 70.866666666667°W / -12.283333333333; -70.866666666667
Wikimedia Commons: Madre de Dios River
Elvebreidda nær byen Boca Manu.
(Foto: Marcin Nowak)

Madre de Dios er ei elv i Amazonasbassenget og ei sideelv til Beni. Ho er omtrentleg 1 150 km lang og er ein vassveg i to land, i søraustre del av Peru og nordvestre Bolivia.

Geografi

[endre | endre wikiteksten]

Elva vert til i austsida av Cordillera de Garabaya, Andes i grenseområdet mellom regionane Cuzco og Madre de Dios. Ho strekkjer seg ca. 640 kilometer gjennom peruansk territorium i regionen med same namn som elva. På grensa mot Bolivia, ikkje langt frå Puerto Heath, har grenseelva Heath utlaupet i Madre de Dios. Frå denne staden held ho fram 510 kilometer gjennom Boliva fram til byen Riberalta der ho tømmer seg i Beni. Beni held fram mot Brasil kor ho får namnet Madeira, ei av dei store sideelvane til Amazonaelva.

I regionen Madre de Dios er elva Madre de Dios ein vektig vassveg, og spesielt for Puerto Maldonado, den største byen i regionen og regionshovudstad. Ved byen går det føre seg bygging av ei bru over Madre de Dios med ei lengd på ca. 720 meter.

Av dei største verksemder ved elvebreidda er gullvasking, mangodyrking, anna selektivt jordbruk og tømmerhogst. Verksemdene kan utgjere miljøproblem. I Peru ligg elveleiet på grensa mot fleire nasjonalparkar og reservat, spesielt Tambopata-Candamo nasjonalpark, Manu nasjonalpark og Bahuaja Sonene naturreservat.

Sideelver

[endre | endre wikiteksten]

Madre de Dios har sjølv mange sideelvar, dei mest vektige er


Kjelder

[endre | endre wikiteksten]