Klassisk ludobrett

Ludo er eit klassisk familiespel for to til fire spelarar. Spelnamnet «Ludo» tyder ’eg spelar’ på latin. Ludo byggjer på det indiske spelet patsjisi. Det vart patentert i 1896 i England.

Kvar spelar har fire brikker som han ved hjelp av terningskast skal flytte frå ein heimebase til eit mål i sentrum av spelet. For å flytte ein spelar ut frå heimebasen til spelebanen, må han slå terningkast seks.

Om ei brikke landar på eit felt der det står ei brikke av ein annan farge frå før, vert brikka som står på feltet slått inn, og må starte på nytt frå heimebasen. Dersom brikka landar på eit felt der det står ei brikke av same farge, dannar dette tårnet ein blokade som andre spelarar ikkje kan slå inn eller passere.

Mot slutten av spelet, må spelaren følgje talet på terningaugo nøyaktig for å flytte brikka i mål, elles vert brikka ståande. Vinnaren er den som først får fire brikker i mål.

Variantar

[endre | endre wikiteksten]

Norges ludoforbund lanserte på slutten av 1970-talet eit regelsett som vart utgjeve i heftet Ludo utan tårer.

Sentralt her var