Lorraine Hansberry

Statsborgarskap USA
Fødd 19. mai 1930
Chicago
Død

12. januar 1965 (34 år)
New York by

Yrke skribent, sceneinstruktør, manusforfattar, skodespelforfattar, aktivist
Politisk parti Det demokratiske partiet i USA
Religion ateisme
Far Carl Augustus Hansberry
Lorraine Hansberry på Commons

Lorraine Vivian Hansberry (19. mai 193012. januar 1965) var ein afro-amerikansk dramatikar, forfattar og aktivist.

Hansberry var den fyrste svarte kvinna som fekk eit skodespel satt opp på Broadway i 1959. Det best kjende verket hennar, A Raisin in the Sun, tek føre seg konfliktane som oppstår når ein afro-amerikansk familie flyttar inn eit nabolag der berre kvite familiar bur. Stykket gir innsyn i kvardagen til svarte amerikanarar under rasesegregering i Chicago. Hansberry sin familie levde sjølv under segrering og utfordra dei restriktive Jim Crow-lovene på same måte som den fiktive familien i stykket. Dette enda eventuelt med ei sak ved USA sin høgaste rett, som fekk namnet Hansberry v. Lee. Tittelen for skodespelet fekk Hansberry frå diktet "Harlem" av Langston Hughes:"What happens to a dream deferred? Does it dry up like a raisin in the sun?"[1]

Som 29-åring vann ho New York Drama Critic's Circle-prisen. Ho vart den yngste, femte kvinnelege og fyrste afro-amerikanske dramatikaren som fekk denne utmerkinga.

Hansberry flytta til New York, der ho jobba for det pan-afrikanske tidsskriftet, Freedom. Ved Freedom jobba ho saman med viktige intellektuelle figurar som Paul Robeson og W.E.B. Dubois som vart mentorane hennar. Mykje av arbeidet hennar i denne perioden var oppteken av den afrikanske frigjeringskampen og verknaden den hadde på verda. Hansberry er blitt identifisert som lesbisk, og seksuell fridom er òg eit viktig tema i mange av hennar verk.[2]

Hansberry døydde av kreft i ein alder av 34 år i 1965. Før det rakk berre skrive eit skodespel til, The Sign in Sidney Brustein's Window som vart publisert i 1964. Ho var inspirasjonen bak Nina Simone sin song, "To Be Young, Gifted and Black."[3]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «For Lorraine Hansberry, ‘A Raisin in the Sun’ Was Just the Start» (på engelsk). 
  2. Karen Grigsby Gates (22.09.2018). «Lorraine Hansberry: Radiant, Radical — And More Than 'Raisin'». National Public Radio. Henta 15.10.2018. 
  3. Øverland, Orm (13. november 2017). «Lorraine Hansberry». Store norske leksikon (på norsk).