Little Big | |||
| |||
Aktiv | 2013– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | rave, pop-pønk, Hiphop, elektronisk dansemusikk, pop, alternativ pop | ||
Plateselskap | Warner Music Group |
Little Big er eit russisk band som spelar musikk innan sjangrar som rave, hiphop, punk og pop. Bandet vart skipa i St. Petersburg i 2013 og består av Ilja Prusikin, Sonja Tajurskaja, Anton Lissov og Sergej Makarov. Gruppa er kjend for sine vulgære låtar og dristige og kontroversielle musikkvideoar.[1] Gruppa skulle ha representert Russland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Uno», men 18. mars 2020 avlyste EBU tevlinga på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[2][3]
Little Big debuterte 1. april 2013 med debutsingelen «Every Day I'm Drinking».[4] Dei hadde si fyrste offentlege framsyning 2. juli same år på clubbed A2, då dei opna for den sørafrikanske hiphopgruppen Die Antwoord.[5]
I 2014 gav Little Big ut sitt fyrste album og starta å turnere i Russland, resten av Europa og Nord-Amerika.[6][7]
19. desember 2015 slapp dei oppfylgjaralbumet, Funeral Rave. 21. mai 2016 vart musikkvideoen til gruppa til songen «Big Dick» kåra til den «mest trashy» videoen under Berlin Music Video Awards.[8] Videoen er full av seksuelle bilete og hint.[9] Hausten 2018 gjekk gruppa viralt med musikkvideoen til låten «Skibidi». Videoen har ein dans som vart populær då andre forsøkte å imiterte den gjennom «Skibidi Challenge».
Den russiske tv-en-kanalen Pervyj kanal kunngjorde 2. mars 2020 at Little Big skulle representere Russland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Gruppa skulle ha delteke med songen «Uno». På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020, valde EBU å avlyse tevlinga for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[10]
Bandet driv sitt eige platemerke, kalla Little Big Family. I tillegg til seg sjølve, har dei òg band som The Hatters, Tatarka, Khleb og Lizer i stallen.[11]
Little Big har vorte svært kjende i Russland, og er kjende for sin dristige og vulgære musikkvideoar, og dei vert ofte kalla det russiske svaret på Die Antwoord.[12] Sjølv kallar Little Big seg for eit satirisk kunstprosjekt som støttar seg på musikken, det visuelle og på showet. Dei er kjende for å gjere narr av nasjonale stereotypiar om Russland. Bandet filmar og produserer alle sine musikkvideoar sjølv.
Sjølv om bandet ofte vert samanlikna med Die Antwoord, seier bandet sjølv at dei har henta inspirasjon av ei rekkje ulike musikarar – alt frå Cannibal Corpse, NOFX, Red Hot Chili Peppers, Rammstein og The Prodigy, til Mozart og Vivaldi.