68°44′30″N 17°48′00″E / 68.74167°N 17.80000°E
Lavangen kommune | |||
Loabága suohkan | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Adm.senter | Tennevoll | ||
Areal | 301,63 km² | ||
- land | 296,85 km² | ||
- vatn | 4,78 km² | ||
Folketal | 986 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål, nynorsk | ||
Norsk målform | nøytral | ||
Samisk språk | nordsamisk | ||
Ordførar | Hege Beate Rollmoen (Ap) | ||
Kommunenr. | 5518 | ||
Lavangen kommune 68°39′28″N 17°35′01″E / 68.657777777778°N 17.583611111111°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Lavangen | |||
Nettstad: www.lavangen.kommune.no | |||
Lavangen (nordsamisk Loabák[1][2]) er ein kommune i indre Troms fylke. Han grensar mot kommunane Salangen i nord, Bardu i aust, Gratangen i sør, og mot Ibestad over Astafjorden i vest.
Kommunen har den einaste kommunale sameskolen i Troms.
Lavangen kommune vart oppretta 1. januar 1907, då han vart skild ut frå Ibestad kommune. 1. januar 1964 vart kommunen innlemma i Salangen kommune, men 1. januar 1977 vart kommunen skild ut att som eigen kommune. Området Lavangsnes, som tidlegare hadde vore del av Lavangen kommune, vart då verande i Salangen kommune.
I 1999 blei Lavangen kåra til landet sitt femte beste kommune å bu i av Norsk Familieøkonomi.
Frå Lavangen vart gjenoppretta som eigen kommune i 1977 og fram til 2002, var han den nest minste kommunen i Troms etter folketal, berre større enn Bjarkøy kommune. I 2002 vart også Berg kommune mindre enn Lavangen, fordi nedgangen i folketal gjekk raskare der.
Folketalsutvikling for Lavangen kommune frå 1910:
1910[3] | 1.12.1920[4] | 1.12.1930[5] | 3.12.1946[5] | 1.1.1951[6] | 1.1.1961[6] | 1.1.1981[6] | 1.1.1991[6] | 1.1.2001[6] | 1.1.2010[6] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1536a | 1541a | 1657a | 1824a | 1780a | 1698a | 1280 | 1145 | 1031 | 1012 |