58°47′40″N 7°49′08″E / 58.7944°N 7.8189°E
Lauvdal | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Lauvdal 58°47′30″N 7°49′00″E / 58.79166667°N 7.81666667°E |
Lauvdal er ei bygd som ligg i Bygland kommune ved riksveg 9 på austsida av Byglandsfjorden i Agder. Bygda ligg 6 km sør for Bygland sentrum. Lauvdal ligg i sørhallet ned mot fjorden og er eit prioritert kulturlandskap i Bygland kommune. Mange fornminne viser at det har vore busetnad her i svært lang tid. Blant anna er det funne ein spydspiss med sølvinnlegg. Han er send til eit museum i Oslo.
Tidlegare har det vore vanleg å drive med sauer og kyr, men i dag er det berre to bønder igjen.
Lengst nord på Lauvdal ligg husmannsplassen Hagen. Han blei fråflytta på 1960-talet og har fått stå urørt etter det. I dag er han ein del av Setesdalsmuseet sin bygningsmasse. Han ligg like ved vegen.