Lamprotornis
Praktstare Lamprotornis superbus Foto: Steve Garvie
Praktstare
Lamprotornis superbus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Starefamilien Sturnidae
Slekt: Lamprotornis
Temminck, 1820

Lamprotornis er ei stor biologisk slekt av glansstarar, alle lever i Afrika sør for Sahara. Dei har skinande blå eller grøn overside, noko som kjem av hole melaningranulat arrangert i eit einskild lag nær overflata på bistrålane i fjørene. Undersida av glansstarane manglar slik iriserande effekt. Undersida kan vere blå, lilla, gul eller brun. Dei fleste Lamprotornis-starar har slåande gul eller raud iris og nokre har lange halar.

Glansstarar lever i ei rekkje habitat frå tett til open skog og i hagar. Dei hekkar i trehòl, enten naturlege hòl eller hòl laga av hakkespettar eller skjeggfuglar, og nokre kan nytte menneskeskapte strukturar til reirplass. Dei fleste artane er standfuglar, unntatt frå sesongmessige eller lokale streif, men akasiestar er ein ekte trekkfugl. Dei fleste artane er sosiale utanfor hekkesesongen.

Lamprotornis-glansstarar er altetande og beitar stort sett på bakken, sjølv om dei òg vil ta frukt frå trea. Nokre held seg på eller nær store pattedyr for å finne insekt.

Artslista

Glansstarar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Kjelder

  • Feare, Chris & Craig, Adrian (1999): Starlings and Mynas. Princeton University Press. ISBN 0-7136-3961-X

Referansar

  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lamprotornis