«La La Love» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 2012 | |||||
Land | Kypros | ||||
Artist(ar) | Ívi Adámou | ||||
Språk | Engelsk | ||||
Komponist(ar) | Álex Papaconstantínou, Björn Djupström, Alexandra Zakka og Viktor Svensson | ||||
Låtskrivar(ar) | Álex Papaconstantínou, Björn Djupström, Alexandra Zakka og Viktor Svensson | ||||
Resultat | |||||
Semifinalepoeng | 91 | ||||
Semifinaleplass | 7 | ||||
Finalepoeng | 65 | ||||
Finaleplass | 16 | ||||
Kypros i Eurovision Song Contest | |||||
|
«La La Love» (engelsk for La la kjærleik) er ein singel av Ívi Adámou, frå albumet San Éna Óneiro (Euro Edition).
3. august 2011 vart Ívi Adámou vald ut internt av Cyprus Broadcasting Corporation (CyBC) til å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2012. 25. januar 2012 song ho tre ulike songar i eit fjernsynsprogram kalla A Song for Ívi. Songen «La La Love» vann med 24 poeng og skal representere Kypros i Eurovision Song Contest 2012.
Songen starta som éin av dei ni siste i den fyrste semifinalen og gjekk vidare til finalen. Her enda han på 16. plass.
Til EUROSONG 2013 - a MAD show, den greske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, vart det laga ein mashup av «La La Love» og «Aphrodisiac», det greske bidraget i Eurovision Song Contest 2012.[1] Adámou framførte teksten til «La La Love», medan Elefthería Eleftheríou framførte teksten til «Aphrodisiac».[1]
A Song for Ívi | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Finalen |
|
Ellinikós Telikós 2012 | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Finalen |
|