Kragetannvaktel | |
Kragetannvaktel | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av Kragetannvaktel | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Hønsefuglar Galliformes |
Familie: | Tannvaktelfamilien Odontophoridae |
Slekt: | Odontophorus |
Art: | Kragetannvaktel O. strophium |
Vitskapleg namn | |
Odontophorus strophium Gould, 1844
|
Den sjeldne kragetannvaktelen, Odontophorus strophium, er ein liten bakkelevande fugl. Denne vesle medlemmen av tannvaktelfamilien lever i store eikeskogrestar i den austlege Cordillera, stort sett i avgrensa område innanfor søraustlege Santander, men òg i grenseområdet mot Boyacá, begge er departement i Colombia.
Kragetannvaktlar er som andre tannvaktlar skjerre fuglar, har korte venger, nakke og hale. Denne arten er 25,5 til 27 centimeter i kroppslengd og kan vege rundt 300 gram. Mykje av fjørdrakta gjev eit brunt inntrykk, men han har kraftige markeringar i svart-kvitt i andletet. Dette er einaste tannvaktelarten som har eit band i svart og kvitt rundt heile strupen. Undersida er generelt lysare enn oversida, brystet har diffuse lyse flekker. Kjønnsdimorfismen syner seg ved at hofuglen har mørkt grått i undersida og er meir spraglete i på hovudet. Hoa har og meir kvitt og mindre svart sentralt i strupeområdet, og har mindre tydelege flekker på halsen eller brystet.
Det naturlege habitatet for denne tannvaktelen er høgtliggande, subtropiske og tempererte skogar, hovudsakleg av eik og laurbærtre. Fuglen har berre vore observert i høgder på 1600-2050 moh., men ein trur han har ei vertikal utbreiing mellom 1500 og 2500 moh. Arten er sannsynlegvis avhengig av å leve i opphavleg skog gjennom delar av livssyklusen sin, men han har òg blitt plassert ut i degraderte habitat og i sekundærskog.
Føda for kragetannvaktlar er frukt, frø og leddyr. Fuglen sin hekkesesong ser ut til å falle saman med toppar i årleg nedbør mars-mai og september-november.
Han var tidlegare klassifisert som kritisk truga av IUCN. Men ny forsking har vist at det å vere ikkje så sjeldan som tidlegare trudd, ca. 2000-4300 individ totalt. Følgjeleg blei statusen endra til truga (EN) i 2008,[1] jamvel om storleiken på populasjonen er trudd å vere minkande.