Kolvereid | |||
tettstad | |||
Kolvereid i 2016
Foto: Wolfmann | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Nærøysund | ||
Areal | 1,29 km² | ||
Folketal | 1 788 (2023) | ||
Folketettleik | 1 386 / km² | ||
Postnummer | 7970 KOLVEREID | ||
Kolvereid 64°51′55″N 11°36′16″E / 64.865277777778°N 11.604444444444°E | |||
Wikimedia Commons: Kolvereid |
Kolvereid er ein tettstad i Nærøysund kommune i Trøndelag fylke. Staden er administrasjonssenter i kommunen og ligg på eit eid mellom fjordane Innerfolda og Sørsalten.
Kolvereid er òg ein tidlegare sjølvstendig kommune. Med formannskapslovene av 1837 blei Kolvereid prestegjeld oppretta som eiga formannskapsdistrikt (kommune). I 1964 blei Kolvereid slått saman med Foldereid, Gravvik og Nærøy til den nye Nærøy kommune.[1]