Kokakofamilien | |
Sørsalrygg, Philesturnus carunculatus Foto: Duncan Wright
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Kokakofamilien Callaeidae Sundevall, 1836 |
Kokakoar er ein liten biologisk familie av sporvefuglar, Callaeidae, òg namngjeve Callaeatidae. Familien er endemisk for New Zealand. Det finst berre tre nolevande artar i familien, ein fjerde art døydde ut tidleg på 1900-talet. Dei nolevande artane er trua artar, trugsmåla kjem først og fremst frå introduserte artar av pattedyr som rotter, mårdyr og klatrepungdyr.
Maorinamnet kōkako er eit lydhermande namn som viser til den vene songen til fuglane.[1]
Dei tre overlevande artane er 26–38 cm i lengd og lever bakkenært av insekt i tett skog. Dei har sterke bein og fjørlause hudfliker bak nebbet. Vengene er avrunda og uvanleg svake, noko som gjev dei mykje avgrensa flygeeigenskapar. Flikfuglar er monogame og forsvarer faste territorium.[2] Huia eller huja, Heteralocha acutirostris, var ein noko større art på Nordøya, i svart fjørdrakt med oransje hudfliker. Arten er rekna som utdøydd frå ca. år 1910.[3]
Denne fuglegruppa kan vere restar av ein tidleg ekspansjon av sporvefuglar til New Zealand. Dei har ingen nærskylde unntatt stitsjfugl, meir fjerne relasjonar er framleis ukjente.[4]
Kokakoar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2019[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]