Knut Hermundstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. mai 1888
Død

20. april 1976 (87 år)

Knut Hermundstad (20. mai 188820. april 1976) var ein norsk folkehøgskulelærar, folkeminnesamlar, statsstipendiat og kulturarbeidar frå Valdres.

Hermundstad var fødd i enkle kår, som eldste sonen av grendeskreiar Håvard Knutsson Hermundstad, gjekk på Helgheim folkehøgskule i Sogndal kommune (1907–08) og tok lærarskule på Hamar 1908-11. Den fyrste lærarstillinga hans var i Etnedal kommune, og deretter ved framhaldsskulen i Øystre Slidre kommune 1915-1917. Etter det vart han lærar ved Valdres folkehøgskule 1917-1953, inntil han i ein alder av 65 vart statsstipendiat og kunne samla seg om kulturminnearbeid og folkeminnesamling på heiltid.

Hermundstad var formann i Valdres bygdeboknemnd 1949-68 og redaktør for 5 bind av bygdeboka. Vidare var han formann i styret for Valdres Folkemuseum, medlem av styret for Valdres Historielag frå 1932 til han døydde (leiar 1945-51). Her leidde han årbokredaksjonen 1933-1942. Han leidde avhaldslosjen Ungskogen 1920-27 og var fylkesleiar i Det Norske Totalavholdsselskap 1927, 1929 og 1930.

Som folkeminnesamlar debuterte han med «Gjætarliv i Valdres i gamal tid» i Tidsskrift for Valdres Historielag 1933. Boka Gamletidi talar vart gjeven ut av Norsk Folkeminnelag i 1936 som det fyrste av i alt 8 bind med Gamal Valdreskultur.

Han vart nemnt ut til statsstipendiat i 1954, fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1961, Norsk kulturråds pris for lokalhistorie i 1973, pris frå Nansenfondet, Asbjørn Klostermedaljen for avhaldsarbeidet og var æresmedlem i fleire organisasjonar.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Av Hermundstad

[endre | endre wikiteksten]

Om Hermundstad

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]