Klippehopparar | |
Drakensbergklippehoppar, Chaetops aurantius | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Chaetops Chaetopidae |
Slekt: | Klippehopparar Chaetops Swainson, 1832 |
Klippehopparar er ei biologisk slekt Chaetops av mellomstore insektetande eller altetande fuglar i sørlege Afrika. Slekta utgjer sin eigen familie Chaetopidae.
Kappklippehoppar, Chaetops frenatus, og drakensbergklippehoppar, Chaetops aurantius, er begge endemiske for Sør-Afrika.[1] Kappklippehoppar er heimehøyrande i Western Cape og sørvestre del av Eastern Cape, og drakensbergklippehoppar er distribuert i høglandet i Lesotho og områda rundt Lesotho i Sør-Afrika. Desse to klippehopparar har vorte handsama som ein art, men varierer i storleik og fjørdrakt. Utbreiingsområda overlappar ikkje, men dei ligg i nærleiken av å gjere det.
Desse to artane er små fuglar med stort sett brune og raude fjørdrakter. Begge har lange, kvittippa svart hale, svarte struper, breie kvite mustasjestriper, raudbrun eller oransje buk, grå gump og svartmønstra rygg og venger.[1] Irisen er raud, nebb og beina er svarte. Vengene er svært små og dei flyg ikkje ofte. Dei brukar mykje tid på insektjakt med springing og hopping blant steinar og gras. Ei rekkje insekt blir tatt, blant anna sommarfugllarver, møll, grashopper, biller og fluger. I tillegg til insekt kan dei ta øgler og gekkoar, amfibium, skorpionar, leddormar og edderkoppar.
Dei er monogame, og para etablerer territorium som blir forsvart året rundt. Kappklippehoppar har territorium som varierer i storleik frå 4 til 11 hektar. Hekkande par av begge artane har hjelparar, vanlegvis ungar frå tidlegare kull, for å hjelpe med omsut for ungar.[2] Reiret er bygd av gras og ligg på bakken, i motsetnad til grottefuglar, som byggjer gjørmereir i koloniar.[3] Kappklippehoppar legg to egg og drakensbergklippehoppar to til tre egg .[1] Begge kjønn deltar i ruging gjennom 19-21 dagar. Ungane blir fora av foreldra og hjelparar i tretti dagar, men dei forlèt reiret tidlegare enn det.
Opphavleg vart desse fuglane plassert i trastefamilien, og dei har òg vore medlemmer av songarfamilien, Sylviidae, og i timalfamilien, men nyare DNA-studium viser at desse fuglane faktisk er primitive sporvefuglar nærast knytt til grottefuglar, Picathartes.[3]
Klippehopparar etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]