Kfarsghab
كفرصغاب
by
Kfarsghab som sett frå Aintourine - august 2003
Land  Libanon
Guvernement Nord guvernement
Distrikt Zgharta distrikt
Høgd 1 380 moh.
Koordinatar 34°16′42″N 35°57′44″E / 34.27833°N 35.96222°E / 34.27833; 35.96222
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 1304
Retningsnummer +961 - 6
Kart
Kfarsghab
34°16′42″N 35°57′44″E / 34.278333333333°N 35.962222222222°E / 34.278333333333; 35.962222222222
Wikimedia Commons: Kfarsghab

Kfarsghab (òg kalla Kfar Sghab, Kafarsghab eller Kfarseghab; arabisk كفرصغاب) er ein landsby i Zgharta distrikt i Nord guvernement i Libanon. Han ligg i Qadishadalen, ein heilag stad i austleg kristendom.

Kfarsghab består av to stader: Kfarsghab, ein høgtliggande fjellandsby, og Morh Kfarsghab, som ligg på ei slette nedanfor. Dei er busette høvesvis om sommaren og vinteren.

Etymologi

Det semittiske namnet Kfarsghab består av to delar: kfar og sghab. Den første delen, kfar, kjem frå den semittiske rota kpr, som i samanhengen svarar til det vanlege semittiske substantivet kapar som tyder «landsby».[1]

Kfarsghab kan då tyde «festningslandsby» eller «landsbyen Segub», der Segub då vil vere eit personnamn.

Historie

Hovudinngangen til Mar Awtel-kyrkja, bygd på ruinane av eit heidensk tempel.

Kfarsghab oppstod i førkristen tid, men som dei fleste landsbyane i Qadishadalen, byrja historia til Kfarsghab då maronittar slo seg ned i Libanonfjella på 900-talet. Fram til midten av 1700-talet var Kfarsghab ein liten, uviktig landsby med færre enn 150 innbyggjarar.

Kfarsghab er først nemnt i hendingar som skjedde i 1283, mot slutten av krossfarartida.[2] I 1470 er Kfarsghab nemnt i samband med bygginga av St. Awtel-kyrkja.[3] På 1500-talet dukka Kfasghab opp i to osmanske folketeljingar i 1519 og 1571.[4] Han hadde då 14 og 12 vaksne menn (eldre enn 15 år). Alle var kristne og gifte.

Geografi

Kfarsghab med snø i januar 2004.

Kfarsghab består av to forskjellige busetnader, Kfarsghab og Morh Kfarsghab, som er busette høvesvis om sommaren og vinteren. Dette er ganske vanleg for jordbrukslandsbyar i området. Alle familiar har eit hus i kvar landsby. Andre døme på dette i Libanon er Ehden og Zgharta.

Kfarsghab er sommarlandsbyen og ligg langs vegen frå Ehden til Bsharri i nordlege delen av Qadishadalen, oppom Qozhayadalen i ei høgd på 1380 meter over havet.[5][6]

Morh Kfarsghab er vinterlandsbyen og ligg på nordvestsida av Joueitdalen, mellom Miziara og Bnachii. I snitt ligg denne 280 meter over havet.[7]

Klima

Kfarsghab har eit typisk middelhavsklima for ein fjellandsby. Det er fire årstider, og vinteren er kald med moderate til store mengder snø.[8] medan somrane er milde og tørre. Området har ofte tåke på seinsommaren, tidleg på hausten og seint på våren. Dei høgaste middeltemperaturane i juli og august er 27 °C, medan den lågaste middeltemperaturen er i januar og februar med 2 °C. Sommartemperaturen kan nå 32 °C, og om vinteren kan temperaturen falle til under −5 °C.[9] Årsmiddelnedbøren er kring 1 200 mm, med mest nedbør på hausten og våren. Snøfall skjer normalt frå seint i november til tidleg i april og varierer frå 3 til 25 cm per månad.[10]

Vêrdata for Kfarsghab
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 8 8 10 14 20 25 27 27 24 20 17 11 18
Gjennomsnittleg min °C 2 2 4 7 11 15 20 19 16 11 8 5 10
Kjelde: Kfarsghab.net[11]


Økonomi

Kfarsghab sett frå Ehden i juni 2004.

Økonomien er hovudsakleg basert på jordbruk, hovudsakleg frukt i form av eple og pærer.

Kjelder

  1. The American Heritage Dictionary of the English Language, Fourth Edition, 2000, we find the following entry: Semitic Roots, kpr - Definition: Common Semitic noun *kapar-, village.
  2. Douaihi, Es. (1984) : Tarikh Al Azminah, pages 261-262.
  3. Abi Khattar, A., Moukhtasar Tarikh ... , s. 139.
  4. Khalifeh, I. K.: North Lebanon in the Sixteenth Century, pages 30-65.
  5. Raunier, Lt. (2004), Loubnan Ash-Shamali fithilth al awwal minal Qarn Al'ishrin, Dar Annnahar, Beirut Libanon. Page 30
  6. Kfarsghab page on Zgharta.com, last retrieved on August 5, 2008.
  7. fallingrain.com
  8. Daily Star rapporterte i 2003 om snøras som øydela frukthagar i Kfarsghab. lebanonwire.com, Libanonwire.com, henta 21. september 2014
  9. Zgharta.com, henta 21. september 2014
  10. zgharta.com, henta 21. september 2014
  11. «Geografi i Kfarsghab». Kfarsghab.net. 2006. Arkivert frå originalen 25. mars 2016. Henta 20. september 2014. 

Bakgrunnsstoff