Kenneth Sivertsen
Fødd16. januar 1961
FødestadBømlo kommune
Død24. desember 2006 (45 år)
DødsstadHaukeland universitetssjukehus
OpphavNoreg
Instrumentgitar
PlateselskapHot Club Records
Verka somkomponist, jazzmusikar, gitarist, jazzgitarist

Kenneth Sivertsen (16. januar 196124. desember 2006), fødd på Mosterhamn i Bømlo kommune), var ein norsk gitarist, songar (visesong, jazz), artist, komponist og humorist. Han var tidlegare kjærast og samarbeidde kunstnarleg med Herborg Kråkevik. Sivertsen er kjend som ein svært dyktig multikunstnar, og har blant anna samarbeidt med framtredande amerikanske jazzmusikarar som Michael Brecker, Mike Mainieri, Tony Levin og Bob Mintzer.

27. februar 2005 fall Sivertsen om på kaia i Haugesund på grunn av eit epilepsianfall, og fekk hjerneblødning.[1] Delar av hovudskallen hans vart då fjerna på grunn av blodsamlingar i hovudet, og sidan operert inn att. Sivertsen var sidan hjerneblødninga på institusjon, delvis på sjukehusa i Haugesund og Bergen, og delvis på rekonvalesensheim. Sivertsen døydde julaftan 2006, 45 år gammal.[1]

I november 2006 vart det halde ein hyllestkonsert til Kenneth Sivertsen på Bømlo. Konserten har fått namnet Draumespor (regi: Brynjar Stautland), og viser breidda i karrieren hans som komponist.

Komposisjonar (utval)

[endre | endre wikiteksten]

Plateinnspelingar

[endre | endre wikiteksten]

Andre plateinnspelingar

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 NRK (24. desember 2006), «Kenneth Sivertsen er død», NRK (på norsk bokmål), henta 14. februar 2019