Kautokeino | |||
Guovdageaidnu | |||
tettstad | |||
Kautokeino med Kautokeino kyrkje.
Foto: Giorgio Montersino | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Kautokeino | ||
Areal | 2,59 km² | ||
Folketal | 1 459 (2023) | ||
Folketettleik | 563 / km² | ||
Postnummer | 9520 KAUTOKEINO | ||
Kautokeino 69°00′44″N 23°02′27″E / 69.01222222°N 23.04083333°E | |||
Wikimedia Commons: Kautokeino tettsted | |||
Kautokeino (nordsamisk Guovdageaidnu) er ein tettstad og administrasjonssenteret i Kautokeino kommune, sør i Finnmark fylke. Tettstaden ligg på begge sidene av Kautokeinoelva og har 1 459 innbyggjarar per 1. januar 2023, som er om lag halvparten av folketalet i kommunen.
I Kautokeino finst kommunehuset og servicetilbod, som daglegvarebutikk og bensinstasjon. I sentrum ligg Samisk høgskole og Samisk videregående skole og reindriftsskole. Sør for sentrum står Kautokeino kyrkje, på austsida av Kautokeinoelva.
Tettstaden ligg på 23. austlege lengdegrad, noko m.a. byen Alta og tre tettstadar i Alta kommune også gjer: Tverrelvdalen, Rafsbotn og Amtmannsnes. Tettstaden si høgd over havet er 319±1 meter.[treng kjelde]
Kautokeino er kjend for å vere heimstaden til Kautokeinoopprøret i 1852, eit opprør mot norsk framferd i Sameland.
Riksveg 93 forbind tettstaden Kautokeino til Alta i nord, via Máze (Masi). Sørover fører riksvegen til riksgrensa mot Finland, med vidare forbindelse til Enontekiö.[1] Nord for tettstaden ligg Kautokeino flyplass, ei tidlegare militær flystripe.