Karmin eller karminraudt er ein høgraud eller blodraud farge eller eit fargestoff. Det kjem hovudsakleg frå karminsyre (C22H20O13).
Karmin blir brukt som tilsetjingstoff i mat og drikke med E-nummeret E120. Det blir også brukt til å farga sminke,[1] tekstilar og andre fargeprodukt.
Ein har særleg fått pigmentet frå cochenillelus, ein type skjoldlus.[2] Karmin er eigentleg eit giftstoff som lusa produserer for å verna seg frå rovdyr.
Ordet karmin kjem frå fransk eller tysk, frå mellomalderlatin carminium, og er ei samanblanding av arabisk qirmiz, 'skarlak', og latin minium, 'mønje'.[3]