Kamakura | |||
by | |||
Land | Japan | ||
---|---|---|---|
Region | Kantō | ||
Distrikt | Kanagawa | ||
Del av | Shōnan | ||
Koordinatar | 35°19′N 139°33′E / 35.317°N 139.550°E | ||
Areal | 39,60 km² | ||
Folketal | 174 162 (2012) | ||
Kamakura 35°19′09″N 139°32′50″E / 35.319166666667°N 139.54722222222°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Kamakura, Kanagawa | |||
Nettstad: city.kamakura.kanagawa.jp |
Kamakura (japansk 鎌倉市, Kamakura-shi) er ein japansk by i prefekturet Kanagawa på austsida av øya Honshu. Byen ligg sør for Tokyo sentrum, og er i dag del av Stor-Tokyo.[1] I 2012 hadde han 174 162 innbyggjarar med ei flatevidd på 39,60 km².[2] Kamakura var opphavleg ein fiskarlandsby som i 1185 verka som hovudstad for Japan. Kamakura-shogunatet blei skipa her i 1192.[3] Han fekk byrettar den 3. november 1939.[2]
Kamakura er eit viktig religiøst senter med fleire gamle shinto- og buddhisttempel og kloster.[4] Byen har også ei strand, og begge desse tilhøva gjer han til ein populær utfartsstad for tokyobuar.
I Kamakura finst det største buddhabiletet i Japan, ein sitjande bronsestatue i tempelet Kotoku-in. I Hasa-dera finst ein annan stor statue, av Avalokitesjvara, skoren ut frå eitt tre. Engaku-ji inneheld eit relikvie, ei tann frå Buddha. Eit anna viktig buddhisttempel er Kencho-ji, som lærer opp zen-munkar.[4]
Det finst mange mindre tempel til Jizō (Ksitigarbha), ein bodhisattva knytt til frelse frå helvete og hjelpar for døde barn og foster.[5] Det viktigaste shintotempelet er Tsurugaoka Hachiman-gu, vigd krigsguden Hachiman.[4]