Juzjnyj | |||
øy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Novaja Semlja | ||
Areal | 33 275 km² | ||
Folketal | 2 716 | ||
Juzjnyj 72°N 54°E / 72°N 54°E | |||
Wikimedia Commons: Yuzhny Island |
Juzjnyj (russisk skrift Южный) er den sørlege av dei to store øyane i Novaja Zemlja (Gåselandet) nord i Russland. Namnet tyder 'sørleg'. Ho har eit areal på 33 275 km² og sjølv om ho er mindre enn naboøya i nord, Severnyj, er ho ein av dei største øyane i verda (41. største).
Øya var opphavleg heim for nenetsfolket, men vart stort sett evakuert i 1950-åra då Sovjetunionen starta med atomprøvespreningar her.[1]
Juzjnyj er kjend for dei store koloniane med sjøfugl. Vegetasjonen på øya består stort sett av tundra.