Julija Tymosjenko | |||
| |||
Fødd | Юлія Володимирівна Тимошенко 27. november 1960 (63 år) Dnipro | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Sovjetunionen, Ukraina | ||
Yrke | samfunnsøkonom, politikar, gründer | ||
Utdanna ved | Dnipro University of Technology Oles Honchar Dnipro National University | ||
Mor | Lyudmila Telehina | ||
Far | Volodymyr Hrihyan | ||
Ektefelle | Oleksandr Tymoshenko | ||
Barn | Yevhenia Tymoshenko | ||
Medlem | 8. Verchovna Rada 9. Verchovna Rada 6. Verchovna Rada 5. Verchovna Rada 4. Verchovna Rada 3. Verchovna Rada | ||
Alle verv |
|
Julija Volodymyrivna Tymosjenko (fødd 27. november 1960) er ein ukrainsk politikar og leiar for partiet Fedrelandsforbundet (Батьківщина). Ho var statsminister i Ukraina frå 18. desember 2007 til 4. mars 2010, då regjeringa vart avsett gjennom mistillitsvotum i nasjonalforsamlinga Verkhovna Rada. Tymosjenko var òg statsminister i landet frå 24. januar til 8. september 2005. Julija Tymosjenko sat fengsla frå 2011 til 22. februar 2014 då ho vart sloppen fri etter eit vedtak i Verkhovna Rada.[1] Vedtaket vart pressa fram etter dei langvarige demonstrasjonane kalla Euromajdan med utgangspunkt i Majdan-plassen i Kiev.
Tymosjenko blir rekna som ein av dei mest vestlegorienterte og liberale politikarane i Ukraina. Ho vart omtalt som dronninga til oransjerevolusjonen. Tymosjenko har tidlegare vore visestatsminister då Viktor Jusjtsjenko var statsminister i landet.
Tymosjenko fekk tilnamnet «gassprinsessa» då ho vart rik gjennom privatiseringar av energisektoren i landet medan ho var energiminister. Det blir anteke at ho har ein formue på rundt 60 milliardar kroner.[2]
Ho var motstandar av det russlandsvennlege Kutsjma-regimet, og opplyste at ho ville rettsforfølgje medlemmer av det gamle regimet for korrupsjon. Den 8. september 2005 vart ho og regjeringa hennar avsett av president Jusjtsjenko etter ei rekkje avgangar sentralt i styringsverket og skuldingar om korrupsjon. Den 18. desember 2007 vart ho igjen vald til statsminister i Ukraina. Valet viste eit knappast mogleg fleirtal for henne, ho fekk 226 av dei 450 stemmene i nasjonalforsamlinga. Medan forholdet mellom president Jusjtsjenko og Tymosjenko har forverra seg, har Tymosjenko forbetra forholdet sitt til Russland og statsminister Vladimir Putin.
Tymosjenko var kandidat til presidentvalet i Ukraina i 2010, der ho stilte for alliansen Julija Tymosjenkos blokk. I første valomgang 17. januar fekk ho med 25,1 % nest flest stemmar og gjekk vidare til andre valomgang 7. februar. I andre valomgang fekk Viktor Janukovytsj 49 % av stemmane, mot 45,5 % for motstandaren Tymosjenko.[3] Tymosjenko vart i oktober 2011 dømt til sju års fengsel for maktmisbruk. Ifølgje retten «gjekk ho utover fullmaktene sine då ho som statsminister inngjekk gasskontraktar med Russland».[4] Påtalemakta meinte kontraktane skadd Ukraina økonomisk.
2. oktober 2013 kravde Europarådet si parlamentarikerforsamling at Tymosjenko måtte lauslatast.[5][6]
Tymosjenko vart lauslaten 22. februar 2014 etter fleire månader med uro i Ukraina.[7] Den formelle grunngjevinga var at dei tilhøva ho var dømd for no var avkriminaliserte.[8]