Jordvassmyr, minerogen myr eller minerotrof myr er myr som får tilført vatn både frå nedbør og grunnvatn som har vore i kontakt med mineraljord (minerogent vatn).[1] Gjennom tilførselen av minerogent vatn får jordvassmyrane tilført meir næringsstoff enn reine nedbørsmyrar. Ein skil mellom soligen myr i hellande terreng der grunnvatnet er i rørsle, og topogen myr der grunnvatnet står stille.[1]
Plantesamfunn på minerogen myr vert kalla minerotrofe.[1] Jordvassmyrar kan vera botanisk rike myrar, men dei kan også vera mindre artsrike. Dette kjem an på næringsinnhaldet i grunnen dei ligg på.[2]