Johann Christoph Gottsched

Fødd2. februar 1700
Königsberg
Død12. desember 1766
Leipzig
NasjonalitetBrandenburg-Preussen
Yrkeskribent, lyrikar, filosof, omsetjar, litteraturkritikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Leipzig
Alma materAlbertus-Universität Königsberg
EktefelleLuise Adelgunde Victorie Gottsched
MedlemAkademie gemeinnütziger Wissenschaften
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Det bayerske vitskapsakademiet

Johann Christoph Gottsched (2. februar 170012. desember 1766) var ein tysk forfattar, dramaturg, språkforskar og litteraturteoretikar frå tidleg opplysingstid.

Liv og virke

Gottsched var son av pastoren Christoph Gottsched (1668–1737)[1] og Anna Regina Biemann (1671–1763).[2]

I 1714, då Gottsched var 14 år gammal, byrja han å studerer teologi ved Albertina, universitetet i Königsberg. Etter at han fekk kjennskap til verka til Gottfried Leibniz og Christian Wolff bytta han over til filosofi, og blei verande ein overtydd wolffianist livet ut.[3] Blant lærarane til Gottsched var den lutherske teologen Johann Jakob Quandt.

I januar 1724 flykta Gottsched til Leipzig, etter at det gjekk rykte om dei brutale metodane til dei prøyssiske militærvervarane. Ved Universität Leipzig blei han snart venn av polyhistoren Johann Burckhardt Mencke. Same året habiliterte han seg og fekk løyve til å undervisa. Han blei professor i poesi i 1730, og i logikk og metafysikk i 1734.

I over tretti år var Gottsched den totalt dominerande litterære smaksdommaren i Tyskland. Han utvikla ein stadig meir sjølvbevisst og diktatorisk stil, og førte reformene sine til ein så pedantisk ytterlegheit at dei siste leveåra hans var «Gottsched» blitt synonymt med hjernedaudt pedanteri.[4]

Verk

Gedichte
Teoretiske verk
Litterære verk
Tidsskrift
Anna
Verksutgåver

Kjelder

  1. Mal:NDB
  2. Briefwechsel unter Einschluss des Briefwechsels von Luise Adelgunde Victorie Gottsched: 1734–1735. Walter de Gruyter, (2009, s.510)
  3. Johann Gottfried Gottsched: Erste Gründe der gesammten Weltweisheit, bind 1, Leipzig 1756, s. 126.
  4. «Gottsched, Johann Christoph» i The New International Encyclopædia, engelsk wikisource

Litteratur