Johan Turi | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. mars 1854, 1854 Kautokeino kommune |
Død |
30. november 1936, 1936 (82 år) |
Yrke | skribent, kunstmålar |
Johan Turi på Commons |
Johan Turi (1854–1936) var ein norsk-svensk samisk jeger og reineigar rekna for å vere den første samiske forfattaren. Han første bok Muitalus sámiid birra frå 1910 var den første sekulære boka skriven på samisk, og den første boka av ein same som tok for seg samiske tilhøve.[1][2][3] Muitalus sámiid birra er framleis sannsynlegvis det mest kjende samiske verket, det er omsett til over 10 ulike språk, m.a. til svensk, dansk, norsk, engelsk, tysk og japansk.
Turi var fødd i Kautokeino i 1854. Far hans hadde vore innblanda i Kautokeino-opprøret i 1852, på sida mot opprørarane.[4] I 1870-åra flytta familien til Sverige på grunn av stenginga av grensa mellom Noreg og Finland for reinflytting.[4] Familien slo seg ned i Talma sameby ved Kiruna. Her fekk Johan Turi rykte som ein dyktig ulvejeger.[5]
Johan Turi fekk ingen skulegang, men lærte seg sjølv å lesa og skriva finsk og samisk.[2]
Ei viktig inspirasjonskjelde for Turi var den danske antropologen Emilie Demant Hatt, som sette han på ideen om å skrive ei bok om samane, og som også omsette henne til dansk. Dei to utgåvene blei gjevne ut parallelt på nordsamisk og dansk i København i 1910.[5] Boka fortel om livet til reindriftsamar i Jukkasjärvi-området nord i Sverige på byrjinga av 1900-talet. Ho tek mellom anna for seg samiske tradisjonar knytte til barneoppseding, jakt, lækjing, joik og folkeminne.[6]
I tillegg til å skriva laga også Turi illustrasjonar til boka. Seinare laga han også fleire andre bilde.[7]
Dei siste åra har det vore meir merksemd om Johan Turi, m.a. hadde universitetet i Umeå symposiumet Indigenous Author - Indigenous Authority med Turi som tema i april 2004, og ein film om han hadde premiere i Kiruna 3. november 2005. I 2011 kom den første norske omsetjinga av boka, Min bok om samene omsett av Harald O. Lindbach.[8] Same året kom også den første ordrette omsetjinga på engelsk, An Account of the Sami omsett av Thomas A. DuBois.[9]