K. 208 Opera av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Sjanger | Opera | ||
---|---|---|---|
Periode | Wienerklassisismen | ||
Komponert | 1775 | ||
Typisk lengd | 110:09 | ||
Satsar/akter | 14 (2 akter) | ||
Libretto av | Metastasio |
Il re pastore (Gjetarkongen) er ein opera, K. 208, skriven av Wolfgang Amadeus Mozart til ein italiensk libretto av Metastasio, redigert av Gianbattista Varesco. Det er ein opera seria. Operaen vart først framført den 23. april 1775 i Salzburg, på slottet til erkebiskop grev Hieronymus von Colloredo.
I 1775 vart operaen bestilt for eit besøk av erkehertug Maximilian Franz av Austerrike, den yngste sonen til keisarinna Maria Teresia til Salzburg. Mozart brukte seks verker på operaen. Han bestod av to akter og varte omkring 110 minutt.
Metastasio skreiv librettoen i 1751, basert på eit verk av Torquato Tasso kalla Aminta. Librettoen vart plukka opp då Mozart (berre 19 år på den tida) og faren såg ei framsyning med musikk av Felice Giardini – Mozart-versjonen har to akter i staden for Giardini sine tre, og det var fleire store endringar.
Verket vert ofte ikkje kalla ein opera, men ein serenata, ein slags dramatisk kantate.
Rolle | Stemme | Premierebesetning, 23. april 1775 (Dirigent: Wolfgang Amadeus Mozart ) |
---|---|---|
Aminta, ein gjetar, rettmessig arving til Sidon | sopran (kastrat) | Tommaso Consoli[1] |
Elisa, Fønikisk gjetarinne | sopran | Marie Anna Fesemayr |
Tamiri, dotter til ein avsett tyrann, Stratone | sopran | Marie Magdalena Lipp[R 1]/Marie Anna Braunhofer[R 2] |
Agenore, Sidonisk aristokrat | tenor | Felix Hofstätter |
Alessandro, Konge av Makedonia | tenor | Franz Anton Spitzeder |
|
|