Ibisar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Aequornithes |
Orden: | Pelikanfuglar Pelecaniformes |
Familie: | Ibisfamilien Threskiornithidae |
Underfamilie: | Ibisar Threskiornithinae |
Ibisar er ei gruppe med 26 artar langbeinte vassfuglar i ibisfamilien Threskiornithidae. Dei har alle lange nedbøygde nebb, finn vanlegvis føde gruppevis med å søkje etter byttedyr i gjørme. Dei fleste artane hekkar i tre, ofte saman med skeistorkar eller hegrar. Ordet ibis kjem frå gresk, opphavleg lånt frå egyptisk språk hîb. Heilagibis var eit objekt for religiøs ærefrykt i oldtida i Egypt, spesielt knytt til guden Thoth. Ved byen Hermopolis blei ibisar alne opp spesielt for offerførmål og i Serapeum ved Saqqara, har arkeologar funne mumiar av ein og en halv million ibisar og hundretusenar av falkar.
Ibisar i rekkjefølgje etter Clementslista frå desember 2008 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.
|
|
|