Hunza
dal
Land  Pakistan
Kart
Hunzadalen
36°19′00″N 74°39′00″E / 36.31666667°N 74.65°E / 36.31666667; 74.65
Wikimedia Commons: Hunza

Hunzadalen (burushaski, wakhi og urdu ہنزہ) er ein fjelldal i Gilgit-Baltistan i Pakistan. Dalen ligg heilt nord i Pakistan med grense til Kina og Afghanistan. Hunzaelva renn gjennom dalen.

Historie

Baltit festning
Hunzadalen om hausten.

Hunza var tidlegare ein fyrstestat som grensa til Uyghurstan (Xinjiangi Kina) i nordaust og Pamir i nordvest. Området blei erobra av britane mellom 1889 og 1892, og den dåverande leiaren Mir Safdar Ali Khan flykta til Kashghar i Kina.[1] Under Britisk India grensa han til Gilgit Agency i sør og fyrstestaten Nagar i aust. Staten blei endeleg oppløyst i 1974 av den pakistanske statsministeren Zulfikar Ali Bhutto.

Hovudstaden i fyrstestaten var Baltit (også kjend som Karimabad). I dag er Baltit eit viktig turistmål i Hunzadalen. I dag er likevel Aliabad eit viktigare økonomisk og administrativt senter.

Skredet frå 2010.

Skred i 2010

I 2010 demma eit skred opp elva og laga ein innsjø kjend som Attabad. Demninga truga 15 000 folk i dalen under og blokkerte 27 km av Karakoram Highway.[2][3]

Klima

I mai kan temperaturen nå maksimum på 26 °C og minimum på 10 °C, i oktober er maksimum 23 °C og minimum 2 °C. Turistsesongen i dalen er som regel frå mai til oktober, ettersom Karakoram Highway ofte blir blokkert av snø om vinteren.

Innbyggjarar

Kvinner krysser Hunza-elva ved Passu.

Lokale språk i dalen er mellom anna burushaski, wakhi og shina. Dei viktigaste folkegruppene i dalen er:

Lesekunne blant innbyggjarane her er rekna å vera over 90 %.[4] Nesten alle barn har minst grunnskule.[4]

Dei fleste innbyggjarane er ismailimuslimar, tilhengjarar av prins Karim Aga Khan IV. I Ganish høyrer ein majoritet til tolvar-sekta av sjiaislam.

Kjelder

  1. Valley, Hunza. «Hunza Valley». www.skardu.pk. Skardu.pk. Henta 23 November 2016. 
  2. http://www.dawn.com/wps/wcm/connect/dawn-content-library/dawn/news/sci-tech/03-rising-water-threatens-villages-in-hunza-ss-03
  3. Michael Bopp; Judie Bopp (May 2013). «Needed: a second green revolution in Hunza» (PDF). HiMaT. s. 4. Arkivert frå originalen (PDF) 27. november 2015. Henta 26 November 2015.  Karakorum Area Development Organization (KADO), Aliabad
  4. 4,0 4,1 Siddiqui, Shahid. «Hunza disaster and schools». Dawn. Henta 6. juli 2012. 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Hunzadalen
Reiseguide for Hunza Valley frå Wikivoyage