Hornugle | |
Hornugle | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av hornugle | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Ugler Strigiformes |
Familie: | Uglefamilien Strigidae |
Slekt: | Asio |
Art: | Hornugle A. otus |
Vitskapleg namn | |
Asio otus |
Hornugle (Asio otus) er ei ugle i gruppa Asio.
Hornugla har ei lengd på 31–37 cm og eit vengespenn på 86-98 cm. Ho veg om lag 280 gram. Fuglen har lange øyretufsar som kan reisast rett opp. Hoa er større enn hannen og har mørkare fjørdrakt. Dei brunaktige fjørene er loddrett streka. Fuglen er spraglete og vatra i svartbrunt, rustgult og kvitt på oversida. Bryst og buk er rustgule og kvite med svartbrune langsflekkar. Tarsen og tærne er heilt fjørkledde. På den sittande fuglen når vengen nedom stjerten. Den andre handsvingfjøra er innskåren i den ytre fana, den første i den indre. Iris er oransjefarga. Hornugla er vanskeleg å sjå om dagen då fuglen kamuflerer seg ved å sitte på ei grein tett inn til trestamma. Ho dreg saman fjørdrakta og kroppen og får ein ekstra avlang utsjånad.
Territoriesongen til hannen er dempa, men kan bere ein kilometer eller meir. Dei gjennomtrengande tiggeropa ungane ytrar når dei er ute av reiret ber minst like langt.
Hornugla lever over store delar av Palearktis, frå det nordlege Afrika og Europa i vest gjennom det nordlege Asia austover til Kina og Japan og sørover til det nordvestre India. Vidare finst fuglen over store delar av Nord-Amerika sør til det nordlege Mexico. Fuglane som hekkar i nord er trekkfuglar eller lever nomadisk, dei i sør er standfuglar.
Hornugla vert delt i fire underartar:
Hornugla er rekna som ein livskraftig art i Noreg. Ho hekkar i alle fylke, men spreidd i dei nordlege delane av landet. Vanlegast er fuglen i lågareliggande delar av Sørlandet, Austlandet og Trøndelag.[2] Fuglane likar best i jordbrukslandskap med blanding av dyrka mark og barskog, og finst så høgt til fjells som barskogen strekker seg. Skogen treng fuglane spesielt for å gøyme seg om dagen.
Hornuglene er nattfuglar som jaktar på smågnagarar, og også litt insekt.
Fuglane finn seg gjerne kvistreir etter kråke, skjor eller ekorn. Hoa legg 3–5 egg. Egglegginga skjer frå seint i mars til midt i mai. Hoa rugar i 25–30 døgn. Begge foreldra matar ungane.
Etter som hornuglene er nomadiske er det vanskeleg å snakke om ein norsk hekkebestand, men stort sett er det slik at fuglane i Noreg er trekkfuglar som kjem hit i mars-juni og reiser sørover og sørvestover stundom heilt til Spania. Nokre individ kan overvintre i Noreg når og der det er mykje smågnagarar og lite snø.