Hispaniolatanagarfamilien
Svarthettetanagar, Phaenicophilus palmarum Foto: Wolfgang Wander
Svarthettetanagar, Phaenicophilus palmarum
Foto: Wolfgang Wander
Utbreiing
Utbreiinga av hispaniolatanagarfamilien
Utbreiinga av hispaniolatanagarfamilien
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Hispaniolatanagarfamilien Phaenicophilidae
P.L. Sclater, 1886

Hispaniolatanagarfamilien, Phaenicophilidae, er ein liten biologisk familie av fire artar sporvefuglar. Familietaksonet er endemisk for øya Hispaniola.

Storleiken er 14 til 18 centimeter. Felles for fjørdrakta er olivengrøn overside og lys grå underside. Eit par av artane har teikningar i svart og kvitt i andletet og framhovudet.

Desse artane har hatt ein taksonomisk uklår status i fortida, dels i parulafamilien, dels i tanagarfamilien, og frå 2017 er dei lista som ein ny familie i EBird/Clements Checklist.[1]

Artsliste

[endre | endre wikiteksten]

Hispaniolatanagarfamilien i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Slekt Phaenicophilus
Slekt Xenoligea
Slekt Microligea

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2017), Updates & Corrections: August 2017, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.12, page 643, 647, 652, Phaenicophilidae (Hispaniolan Tanagers), Cornell Lab of Ornithology
  2. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hispaniolatanagarfamilien