Hey You Song av Pink Floyd frå albumet The Wall | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. november 1979 | |
Innspelt | April-november 1979 | |
Sjanger | Progressiv rock, hardrock | |
Lengd | 4:41 | |
Selskap | Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US) | |
Komponist | Roger Waters | |
Tekstforfattar | Roger Waters | |
Låtskrivar(ar) | Roger Waters | |
---|---|---|
Produsent | Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters |
«Hey You» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters. Songen vart gjeven ut på albumet deira The Wall i 1979, og er første song på den andre plata av dobbeltalbumet. Songen er ikkje med i filmutgåva av albumet, fordi ein meinte at filmen ville bli for lang. Klippet som var meint for filmen kan ein derimot sjå som ekstramateriale på DVD-utgåva av filmen.
Songen opnar med berre ein akustisk gitar, og ein bass som liknar opninga av «Pigs (Three Different Ones)» som kjem inn like etter. Så kjem synthesizer, vokal og til slutt trommer. I midten av songen er det ein gitarsolo med hovudmelodilinja frå songen «Another Brick in the Wall». Etter dette kjem eit rolegare parti med berre synth, bass og trommer, så eit parti med berre synth og akustisk gitar, før bassen kjem inn på ny. På dette tidspunktet kan ein høyre kviskring i den venstre kanalen, før trommene kjem inn og siste verset startar. Rundt 3:23 ut i songen kan ein høyre ein sonarliknande lyd, som «ping»-lyden som startar «Echoes». Å bruke om att slike effektar var ganske vanleg for Pink Floyd. Generelt sett har songen ei kjensle av fortviling, som så mange andre songar på The Wall.
Som så mange andre songar på albumet fortel «Hey You» ein del av historia til hovudrolla Pink. Pink forstår at han no er fullstendig stengd ute frå samfunnet, og gjer eit forsøk på å få kontakt med omverda igjen. Muren hans stenger han derimot inne, og ingen kan høyre han, og kvart rop vert meir og meir desperat.
med:
Personell per Fitch og Mahon.[3]